fredag 5. januar 2007

Hermund:

Hei, var til Førde i dag for å helse på "fadern".

Har vore framgang der sidan eg var der veslenyttårsafta. Såg ut som han kjeda seg, sat i ein rullestol inne på rommet og såg på veggen. Hadde sete der ei god stund, så han var trøtt og ville opp att i senga. Då tok me (Aksel og eg) ein pause med litt eting og besøkte andre kjentsfolk på sjukehuset (Der var det meir tragisk, antakelegvis uhelbredeleg kreft).

Han var mykje kvikkare då me kom oppatt, men slit med mykje slim i lungene som må hostast opp, og det kan vere litt vanskeleg då det gamle luftholet ikkje vart heilt tett. Det hadde han nok tetta betre sjølv med litt sikafleks og glasfiberduk. Han får ikkje ete vanlig mat før holet i halsen har grodd skikkeleg, men det vert nok ikkje så lenge til.

Han får mykje fysioterapi og anna trening om dagane, meir enn han likar virka det som, men det er vel eit luksusproblem, kanskje.

Alle der eg snakka med synest at det går betre for kvar dag, t.o.m ho nye som ikkje hadde vore der før... Han skal muligens flytte endå ein gong, men det vert rett over gangen. Han er lei av å flytte heile tida, seir han.

Summasumarum virkar det fortsatt slik at det er tid, tålmod og staheit i frå manges kantar, og ikkje minst støtte frå andre som må til for å komme seg på føtene att, og det får han heldigvis.

Mamma reiste heimatt i går. Ho hadde vorte forkjølt og slapp, og ville ikkje smitte han med noko. Så no er me invitert til middag hos henne i morgon (aldri så gale at...)

Det vert nok ikkje så lange dagar for han når bestemor kviknar til att og set kursen mot Førde, håpar ikkje det vert lenge til for begge sin del.

Hermund

2 kommentarer:

Anonym sa...

Aldri så gale....:)Kven kjenner ikkje den tanken Hermund :) Det blir kjekt for Aksel og Daniel å få middag hjå besto igjen. Kikka oppetter veggene...kan du tenka deg noko so kjedeleg då..? Nei, eg håpar inderleg han klarar motivera seg til å prøva å trena, for det er ikkje noko for han å sitja slik. Ein kan verta deprimert av mykje mindre enn det,men prøv å stå på Håkon
Hels han masse og sei at alle i Norh.sund tenkjer på han, og ynskjer han alt godt. Go bedring Dordi!!
Nina

Anonym sa...

Hei dere.
Det blir nok mye mas og trening på onkel, og mye venting. Det passer onkel så dårlig. Håper at han blir kvitt slimet sakte men sikkert og at han blir sterkere etterhvert. Tenk å må ha hjelp til nesten alt som han klarte før selv... Det blir så begrenset hva som skjer i rundt han og da blir det fort kjedlig til han.
Han må bare stå på slik at han kommer seg.
Det var nok godt for tante å hjem en tur, selv om det sikkert var uvant å være hjemme alene.

Hilsen HanneK