tirsdag 9. januar 2007

Annleise Sogn og Fjordane

I dag køyrde eg frå Dale til Førde. Som mange veit, køyrer eg av og til litt fort. Men ikkje så voldsamt, førarkortet mitt er prikkfritt og det skuldast ikkje flaks.

Etter kvart som eg nådde att andre bilar blinka dei seg ut og slepte meg forbi! Det er ei sjokkerande oppleving for ein som har budd dei siste åra i Hordaland der dei fleste er seg sjølv nærmast.

Men då eg kom ut på E39 var eg straks heime att, her slepte ingen forbi, her tenkte alle at deira fart var best for alle.

Den store lengselen til Bergen kom likevel ikkje. Heller ikkje den store lengselen til Sogn. Eg har bestemt meg for å frivillig flytte ein gang til i livet og det er ned i sentrum, til Kalmarhuset med heis og vaktmeister.

Eg skriv denne posten på nynorsk for å takke dei som slepte meg forbi i dag, det synes eg er ei fin helsing her eg sit på sjukehuset i Førde og ventar medan fysioterapeuten bryt opp far min. Førde er jo staden der Noregs største nynorskavis, Firda, held til.

No håpar eg at søstera her ikkje gløymer meg, eg har ikkje tid til å berre sitje å skrive inn tankar om eitt og hitt, eg har folk som ventar på at eg skal hjelpe dei å få vekk plagsame detaljar frå dataskjermane sine.

Legen kom forbi, ho kalla han «Mirakelmannen» og snakka ein del om kva viktig det noe er å trene og få att styrke og stamina. Dette trur eg pappa kjenne på kroppen kvar dag og er skikkeleg lei av å høyre om det, sjølv om han knapt kan snu seg i senga sjølv.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Arve. Det var trivelig å lese fra deg igjen. Bilkjøring er ei utfordring, og jeg er imponert over den prikkfrie lappen din.
Ja, ja så de driver og maser på onkel om trening. Hva sier han selv, er han motivert, ser han at det monner, at han blir sterkere? Det er nok en tålmodighetsprøve for han og oss rundt. Hils han masse! Tanker fra HanneK og Ivar.

Anonym sa...

hei:) tittet innom siden din for å lese "nytt". Jeg ser det har "roet" seg med epikriser her :) og det er jo et godt tegn det. Din far har en flott familie som tar godt vare på han, og dere har en flott far som "kjemper" for å bli frisk....han må da være sterk, og laget av et solid materiale :)

ønsker fortsatt god bedring til han :)

Mvh -hege-